RFT-terapeut
Bufetat - RFT Sogn og Fjordane
Vil du vere med og gjere ein forskjell for familiar?
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved RFT Sogn og Fjordane har vi ledig ei fast stilling som RFT- terapeut i 100 % stilling.
Vi søkjer no etter ein terapeut i 100 % stilling til teamet vårt for relasjonsfokusert familieterapi (RFT-teamet) i Sogn og Fjordane. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har arbeidsstad i Sogn-regionen.
Arbeidsoppgåver
Kvifor velje RFT?
Hos oss får du høve til å fordjupe deg i behandlingsmodellen Relasjonsfokusert familieterapi (RFT), som byggjer på forskingsbasert familiebehandling for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Behandlingsmodellen krev høg klinisk kompetanse og kombinerer tydelege faglege rammer med fleksibilitet til å tilpasse behandlinga til den enkelte familien.
RFT-teamet får fagleg opplæring og støtte frå Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) i samarbeid med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Det finst fem andre RFT-team i Noreg, og alle deltek i kontinuerleg kompetanseutvikling knytt til RFT-metoden.
RFT er framleis under vidareutvikling. NUBU vil difor i tida framover forske på og evaluere kva faktorar som har størst betydning for resultata i metoden. For nærare informasjon om behandlingstilnærminga, sjå Relasjonsfokusert familieterapi (RFT) – NUBU.
Kva vil arbeidskvardagen din bestå av?
RFT-teamet består av fem terapeutar, inkludert teamleiar med fagleg og administrativt ansvar. Teamet arbeider tett saman om å planleggje og kvalitetssikre oppfølginga familiane får. Samstundes arbeider terapeutane sjølvstendig med familiane og har stor grad av fleksibilitet til å organisere det kliniske arbeidet i kvar enkelt sak.
Møta blir som regel gjennomførte i heimane til familiane, og stillinga inneber difor ein del reising og bilkøyring. Som terapeut i RFT-teamet vil du i stor grad planleggje arbeidsveka di sjølv, gjennom koordinering og samarbeid med familiar og aktuelle samarbeidspartnarar.
Du får fast vekentleg rettleiing saman med teamet og rettleiar. Rettleiinga skal bidra til å sikre at behandlinga blir gjennomført i tråd med den kliniske modellen. Stillinga gir ei unik moglegheit for grundig opplæring i ein forskingsbasert og integrert familieterapeutisk behandlingsmodell.
Arbeidsoppgåver og ansvar
Gjennomføre familieterapeutisk arbeid i tråd med den kliniske modellen for tiltaket
Koordinere det faglege arbeidet i enkeltsaker
Følgje og gjennomføre tiltaket sine kvalitetssikringsrutinar
Delta i opplæring og fast vekentleg rettleiing saman med teamet
Bidra til informasjonsarbeid om tiltaket ut mot kommunane
Bidra med behandlingsdata til NUBU si forsking og evaluering av metoden
Kvalifikasjonar
Utdanning som psykolog med norsk autorisasjon, psykologspesialist eller familieterapeut
Høgskuleutdanning med vidareutdanning i familieterapi, eller klinisk mastergrad innan familieterapi, helse- og sosialfag
Det er ønskjeleg med erfaring frå klinisk og terapeutisk arbeid med familiar, barn og unge
God kjennskap til det teoretiske grunnlaget for metoden, mellom anna systemteori, familieterapi, kognitiv terapi og sosial læringsteori
Du må ha førarkort. Det er ikkje nødvendig å disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
Du arbeider sjølvstendig og systematisk, og har gode evner til å dokumentere arbeidet ditt skriftleg
Det er ein føresetnad for stillinga at du ønskjer og har moglegheit til å arbeide fleksibelt
Du er ansvarsbevisst, strukturert og har gode samarbeidsevner
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Dine personlege eigenskapar vil derfor bli tillagde vekt i den samla vurderinga
Kva får du hos oss?
Grundig opplæring i RFT-modellen. Opplæringa blir gjennomført av NUBU i Oslo
Fast vekentleg rettleiing knytt til det kliniske arbeidet
Fagleg oppfølging og gode moglegheiter for utvikling
Dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt fagmiljø
For psykologar blir kostnader knytte til spesialisering dekte
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskudd
Løn - stillingskode:
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ. Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring
Stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 690 000 - 750 000 pr. år, 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 850 000 - 930 000 pr.år, eller 0795 spesialpsykolog, p.t. kr 750 000 - 850 000 pr. år
Alternativt som sosialfagleg, er stillinga plassert i stillingskode 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1509 spesialutdanna vernepleier, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, p.t. kr. 650 000 - 730 000 pr. år
For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Opplysningar til deg som søkjar
Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss
Stillinga er for tida lagd til Eining for åtferd høg
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden
Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje
Prøvetid i samsvar med statsansatteloven
Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge
Intervjuet blir 16.09.2026 i Førde
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Vi ber om at du legg ved kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilete av kontrollbiletet i det digitale førarkortet eller skjermbilete som viser førarkortstatus frå vegvesen.no
På jobb for dei aller med sårbare i samfunnet
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet